FISKE
Mandalselva – i foss, stille og stryk – innbyr til variert fiske. Her bit auren både på flue, mark og spinner. Dere kan fiske frå svaberg, bruke vadestøvlar, fiske frå kano eller gå i land på ein holme. På vår eigedom fisker dere fritt.
Vil dere fiske lenger opp i elva (Åseral Fiskeadministrasjon), får dere kjøpt rimeleg fiskekort av oss. Det er mykje aure i elva. Den største som blei tatt på stang i 2003 var 5,1kg! Vil dere fiske lenger ned i elva, kan dere få laks på kroken. Fiskekort kan ein kjøpe på Bjelland. Mandalselva reknast som ei av dei beste lakseelvene i Sør-Noreg.

