Velkommen til overnatting på Smedsland.
Som gjest bur du i det gamle våningshuset på garden. Huset vart reist på desse tuftene i 1859. På denne tida var det vanleg å flytte hus. Ein del av huset vart flytt frå ein anna plass på garden. Den delen av huset kan vera meir enn 250år gamalt. Gjestehuset er ein variant av ”den Mandalske stueform” og inneheld mykje av det gamle innbuet. To av stovene har himmelsenger med mellomskap. Kister, skap og senger er rosemala. Huset vart restaurert i 90-åra, men har fortsatt same ”sjel”. Det er nytt kjøkken med komfyr og kjøleskap. Bad med dusj. WC i eige rom. Det er sengeplass til 8 vaksne personar.
Vi har berre denne eine utleigeeininga. Dere disponerer denne aleine enten dere er 2 eller 10 personar. Ein del av huset er avstengd. Likevel er det mykje plass - to etasjar på til saman 140m2.
Etter særskild avtale kan vi servera frukost.


